Alle er velkomne til konfirmasjon i kyrkja! Både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig, er velkommen som konfirmant.
I konfirmasjonstida får du høve til å utforska mange viktige spørsmål saman med andre. Som konfirmant får du læra meir om Gud og deg sjølv. Me snakkar om livet – på godt og vondt. Samtidig får du mange nye opplevingar. Du får veksa som menneske utan krav om å prestera. Bli med på ei spennande reise fram til den høgtidelege konfirmasjonsdagen!
Du er hjarteleg velkommen til å melda deg på som konfirmant i Gjesdal sokn. Oltedal og Dirdal har eige konfirmantopplegg. Konfirmantane som konfirmerer seg i Gjesdal kyrkje følgjer opplegg saman med Ålgård og Figgjo. Informasjon og påmelding for konfirmasjon i Gjesdal kyrkje finn du på Ålgård Menighet sin hjemmeside.
PÅMELDING OLTEDAL OG DIRDAL, KLIKK HER: PÅMELDING
INFORMASJONSMØTE
Velkommen til informasjonsmøte i Oltedal kyrkje for alle påmeldte konfirmanter og foresatte i Oltedal og Dirdal 19.august kl.19.30 - 20.15.
KONFIRMANTUNDERVISNING
Eit konfirmantår i Dirdal og Oltedal består av følgjande:
Undervisning annankvar onsdagar; med song, leik, litt snacks og ulike spennande tema, gudstenester, konfirmantleir til Tonstali i mars, misjonsprosjekt, sosiale aktivitetar som t.d. dagstur med teambuilding. Konfirmantundervisninga er felles for Dirdal og Oltedal, med undervisning på Gilja bedehus på hausten, og i Oltedal kyrkje på våren.
PRESENTASJONSGUDSTJENESTAR HAUSTEN 2026
- Dirdal - søndag 6.september kl.11.00
- Oltedal - søndag 27.september kl.11.00
KONFIRMASJONSGUDSTJENESTAR VÅREN 2027
- Oltedal - søndag 2.mai
- Dirdal - søndag 9.mai*
*ved meir enn 11 konfirmantar i Dirdal vil det bli to ulike gudstenestetidspunkt denne dagen - fordeling av tidspunkt vil bli gjort i august 2026
PRIS
Konfirmantåret kostar 2.600,- og inkluderer leir, konfirmantbibel og smykke gåve på konfirmasjonsdagen. (2800,- for ikkje-medlemmer av vår samarbeidsorganisasjons i konfirmasjonsarbeidet NMSU).
Dersom det er ei økonomisk utfordring å betala for konfirmantopplegget, meld deg på likevel. Me har gode støtteordningar for dette, ta kontakt med kyrkjekontoret, så løyser me det.
TILRETTELEGGING
Treng du ekstra tilrettelegging kan me tilby dette anten i den ordinære gruppa, individuelle samlingar eller i eigne grupper for konfirmantar med tilsvarande behov. Kontakt oss for meir opplysningar, og for samtale om korleis konfirmasjonstida kan leggjast til rette på ein best mogleg måte for konfirmanten.
DÅP OG KONFIRMASJON
Invitasjonsbrev blir sendt til ungdommar fødd i 2012 som er døypt. Konfirmasjonstida er ei unik moglegheit til å læra meir om kristen tru og finna ut kva ein trur på. Derfor må ein ikkje vera kristen for å delta i konfirmasjonstida.
For å bli konfirmert, må ein vera døypt. Det kan ein ha vorte som barn, eller ein kan bli det i løpet av konfirmanttida. Kvart einaste år er det rundt tusen ungdommar på landsbasis, som blir døypt i samband med konfirmasjonen.
KONFIRMASJONAR 2028 - 2029 - 2030
For dei som treng planleggje konfirmasjon framover i tid, er desse datoane aktuelle (med forbehold om endringar). Endringar vert derimot ikkje gjort når invitasjonar for det påfølgjande året er sendt ut:
2028:
Gjesdal kyrkje: 28.mai
Oltedal kyrkje: 30.april
Dirdal kyrkje: 7.mai
2029:
Gjesdal kyrkje: 27.mai
Oltedal kyrkje: 29.april
Dirdal kyrkje: 6.mai
2030:
Gjesdal kyrkje: 26.mai
Oltedal kyrkje: 28.april
Dirdal kyrkje: 5.mai
KONTAKTINFORMASJON KIRKEKONTORET
Kontortid Ålgård: Tirsdag - Torsdag 10.00-14.00
Telefon: 51 61 49 40
Epost: kirken@gjesdal.kommune.no
Kontortid Oltedal: Torsdag 09.00 - 14.00
Telefon: 97 57 78 80
Epost: oyvind.skuggedal@gjesdal.kommune.no
Om du lurer på noe kan du også ta kontakt med Kristine Hiim
Epost: kristine-h@gjesdalskolen.com