Tårnagenthelg er ei helg for alle 3. klassingar, med oppdrag og mysterier som borna får vera med på å løysa. Borna løyser oppdrag ved utforsking av kyrkjerommet, symbol og bibelfortellingar.
Tårnagenthelga er eit arrangement vi har saman med Ålgård menighet, for alle 3. klassingar i Gjesdal kommune, pluss Figgjo, i Ålgård kirke. Oppmøte vil difor vera på Ålgård begge dager.
PROGRAM 2026
Lørdag 7. mars:
Klokka 11-15: Tårnagentene møter i kyrkja, får agentkort og løyser agentoppdrag, et, leiker og utforsker kyrkja.
Søndag 8. mars:
Klokka 10.30: Tårnagentene møter i kyrkja.
Klokka 11-12.30: Fastelavnsgudsteneste med karneval. Tårnagentene er med på gudstenesta, og vi håpar mange vil kle seg ut. Heile familien er velkomne til gudstenesta. Etterpå er det kake, kaffe og saft.
Det er gratis å vera med på tårnagenthelga.
Alle 3. klassingar fra Dirdal, Figgjo, Gjesdal, Oltedal og Ålgård som er medlem i Den Norske Kyrkja, får invitasjon i posten. Kjenner du nokon som ikkje har fått invitasjon, men som har lyst til å vera med? Inviter dei til å vera med! Alle er velkomne!
Påmelding innan tirsdag 3. mars. Lenkje til påmelding finn du her
Har du spørsmål eller treng tilrettelegging? Ta kontakt med: Berit Elise Gilje, 94899499